Mellomalderkyrkja på MosterBumerke Eit bumerke er eit enkelt teiken som ein bonde, ein familie eller ei slekt nytter som merke på gjenstandar, bufe og liknande. Svært mange bumerke er rissa inn på dører og vegger i Moster gamle kyrkje! Det er så mange merke i denne kyrkja at dei ikkje eingong er registrerte eller forska på. Det er truleg tre ulike lag med rissa bumerke på kyrkja. Først rett på steinvegge, så på det første laget med kalkpuss og til sist på det ytterste laget puss. Bumerka var ofte enkle strekar som danna mønster men utan spesielle farger slik som desse. copyright: Boksenteret AS, 1995 Her kan du lese meir om bumerke.
|