Kyrkja
Restar frå katolsk mellomalder
- Olavs- og Mariaklokka
- svalgangsbjelken
- runeinnskrifter
- bumerke

Kyrkjeinteriøret fra protestantisk tid
- inventardelar
- veggmåleria

Olavskjelda utanfor kyrkja
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bømlo

Mellomalderkyrkja på Moster

Kyrkja

På Moster på Bømlo ligg ei gamal kvitkalka steinkyrkje oppe under Vetahaugen.

Kyrkja vart bygt i mellomalderen. Ho har tjukke veggar av stein; dei er 1,1 meter tjukke! Ho har to "rom"; eit kor og eit skip.

Soga om Moster-kyrkja starta med at Olav Tryggvason la ut frå Orkenøyane i år 995 og gjekk i land på Moster. Her seier soga at han lot byggje ei kyrkje. Den kyrkja vi ser her i dag vart bygt omlag 100 år etter dette.

Kyrkja har i hovudsak fått stå uendra sidan 1100-talet. Kyrkja gjekk ut av dagleg bruk allereide i 1874. Då kjøpte Fortidsminneforeningen kyrkja, og har sidan vedlikehalde henne.

copyright: Boksenteret AS, 1995