Kyrkja
Restar frå katolsk mellomalder
- Olavs- og Mariaklokka
- svalgangsbjelken
- runeinnskrifter
- bumerke

Kyrkjeinteriøret fra protestantisk tid
- inventardelar
- veggmåleria

Olavskjelda utanfor kyrkja
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

bømlo

Mellomalderkyrkja på Moster

Runeinnskrifter

Veggane i kyrkja hadde vorte kalka etter reformasjonen. Då dei skulle fjerne kalket att for å få fram dei vakre kalkmaleria under i 1947, kom det til syne runeinnskrifter fleire stader. Dei er nokså skada, så dei er vankelege å tyde. Det finst i alt seks ristningar

1. Den største innskrifta står på sørveggen av skipet. På den runene står det:
O GUD, SOM MAKTA ALT I OPPHAVET, SJÅ TIL N.N.RAGNARSSON. HAN RISSTE RUNENE.
Før og etter siste rune er det rissa ein kross.

2. Den lengste risstninga finst på høgre side av dørkarmen til kordøra. Den er mest skadd og vanskelegast å tyde, men truleg handlar den om ein mann som vart boklærd i Bergen, altså ein prest.

3. Den tredje ristningen står over kordøra der det står "æltnir" som tyder mannsnamnet Erlendr.

4. Den fjerde ristningen er utydeleg. Her står det "balibratirist" eller "Pall bratti reist" som tyder "Pål bratti risste desse runene."

5. På den femte ristningen står det "thorir" som er mannsnamnet Tore

6. På den femte ristningen står det "olafr" som er mannsnamnet Olav.