Gravskikk.
Litt om funn av skjelett
Nokre graver veit me om her frå Vestlandet. På Bleivik ved Haugesund,
i Grønehelleren i Solund og i Skipshelleren utanfor Bergen er det funne
restar etter skjelett frå denne tida. Alle desse er litt problematiske
fordi me veit så lite om tilhøva omkring funna.

I Søgne ved Kristiansand på Sørlandet vart det best bevarte skjelettet
frå eldre steinalder i landet funne for nokre år sidan. Det er også funne
ein hovudskalle i Skipshelleren på Dale i nærleiken av Bergen.
|