Graver
Funn av skjelett
Oppgåver

Gravskikk.

Graver

Skal eg fortelje om den vakraste grava eg veit om frå eldre steinalder? Ei ung kvinne vart lagt i grava saman med eit nyfødt barn for over 7000 år sidan. Det vesle barnet vart lagt oppå ei svanevengje.

Omkring hovudet og bekkenet hadde dei dryssa raud oker. Det er eit stoff som har sterk raud farge og som ofte finnast i graver. Kvinna hadde masse perler av siglehus og tenner frå kronhjort omkring magen. Ved sida av hovudet hennar låg det ei stor mengde perler av tenner frå villsvin,kronhjort og mange siglehus. Trur du dette kan ha vore eit smykke, eller kanskje eit hovudplagg?

Barnet var ein liten nyfødd gut. Han hadde fått ein stor flintflekke i gravgave. Den låg på magen hans.

I Vest-Noreg finn ikkje arkeologane att gravene etter steinaldermennska. Men funn frå Danmark og Sverige syner at dei hadde stor omsut for dei døde. Det gjer at me trur det kan ha vore slik her hos oss òg.

Her kan du lese meir om dei danske gravene frå eldre steinalder.