Kyrkja
Altarskåpet
Detaljane i altarskåpet
- personane

- fløyane og fotstykket
Kvifor er det så mange detaljar?
Legenda om St.Sunniva på Selje
Kontaktpersonar
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Mellomalderkyrkja på Sandtorv

Detaljane i altarskåpet - kvifor der det så mange detaljar?

Mest ingen i kyrkjelyden kunne lesa bokstavar på den tida, men dei kunne "lesa" bileta i kyrkjekunsten. Legendar og bibelske forteljingar fekk dei kunnskap om i gudstenestene og i det religiøse livet. Desse forteljingane kunne dei sjå gjengitt i kyrkjeinventaret. For at kyrkjelyden skulle skjøna heile historia som var avbilda i kunsten la kunstnaren inn spesielle kjenneteiken, attributtar, til kvar einskild person på bileta slik at kyrkjelyden kunne kjenna personane og historiane att.

Også gester - handrørsler eller kroppsspråk ved figurane - var framstellt med heilt bestemte og klåre tydingar, alt etter situasjon. Skal me skjøna kva mellomaldermenneska på Sandtorv kunne "lesa" ut av bileta på altarskåpet, så må me og vita noko om kva attributta og gestene tyder. For vår tid er dette gløymd kunnskap.

Eit så påkosta inventarstykke som dette alterskåpet var der det stod i ei lita soknekyrkje, ut mot Nordsjøen og storhavet, fortel at Sandtorv-kyrkja var viktig der ho låg midt i hovudleia inn til Bergen.

Korleis skåpet er kome dit ut, veit me ikkje. Men det har mellom anna vore hevda at det kan ha vore ei gåve frå sjøfarande - anten ei takkegåve eller lovnadsgåve for berging, eller gåve for å unngå ulukker.