Mellomalderkyrkja på SandtorvDetaljane i altarskåpet - personane I midtstykket ser me St. Sunniva og på kvar side av henne står St. Peter og Maria Magdalena. Desse personana har heilt spesielle gjenstandar knytta til seg. St. Sunniva kan kjennast på bergstykket ho held på eine armen. Det syner til Sunniva-legenden som fortel om korleis ho kom til berghola på Selje, der ho vart drepen av eit bergstykke som datt ned frå holetaket. St. Peter sitt faste attributt var nyklane til paradiset. Figuren har opphavleg hatt ein nykel eller eit nykelknippe i høgre handa, men det er borte no. Men figuren har også andre kjenneteikn som knyter han til Peter slik han vert framstillt i kyrkjekunsten i mellomalderen. Maria Magdalena kjenner ein att på salvekrukka, som var hennar attributt og som syner til forteljinga i Bibelen, der ho salva føtene til Jesus.
|