Mellomalderkyrkja på Sandtorv
Altarskåpet
I den eldste Sandtorv-kyrkja hadde det stått eit vakkert altarskåp. Skåpet
vart truleg flytt til Austevoll-kyrkja etter 1635. Då så Austevoll-kyrkja
vart rive i 1891, vart altarskåpet kjøpt inn til Bergen Museum, der det
framleis finst.
Altarskåpet frå Sandtorv-kyrkja er eit av dei finaste altarskåp me kjenner
frå Vestlandet frå seinmellomalderen. Mest truleg er det laga på
ein verkstad i Nord-Tyskland eller i det nordlege Nederland kring 1510-20.

|