Kva levde dei av?
<!--
function MM_swapImgRestore() { //v3.0
var i,x,a=document.MM_sr; for(i=0;a&&i<a.length&&(x=a[i])&&x.oSrc;i++) x.src=x.oSrc;
}
function MM_preloadImages() { //v3.0
var d=document; if(d.images){ if(!d.MM_p) d.MM_p=new Array();
var i,j=d.MM_p.length,a=MM_preloadImages.arguments; for(i=0; i<a.length; i++)
if (a[i].indexOf("#")!=0){ d.MM_p[j]=new Image; d.MM_p[j++].src=a[i];}}
}
function MM_swapImage() { //v3.0
var i,j=0,x,a=MM_swapImage.arguments; document.MM_sr=new Array; for(i=0;i<(a.length-2);i+=3)
if ((x=MM_findObj(a[i]))!=null){document.MM_sr[j++]=x; if(!x.oSrc) x.oSrc=x.src; x.src=a[i+2];}
}
//-->
Kva åt dei?
Alle fiske- og dyreslaga som me fann i eldre steinalder var også nytta
i yngre steinalder. Fangst og fiske og elles kva folk fann i naturen var
framleis den viktigaste matkjelda.
I byrjinga åt dei helst berre kjøttet frå kua, men etter kvart
drakk dei mjølk òg. Av mjølk laga dei ost og andre ting. Kanskje
lærte dei seg alt no kunsten å lage yoghurt?
Dei hadde mange slags krydder å ta av. Oregano, som me brukar
til pizzakrydder, karve og timian veks vilt her på Vestlandet.
Det kunne setje ein spiss på eit måltid. Saltet fekk dei frå havet.
Til dessert hadde dei kanskje villeple, markjordbær og villbringebær.
Dersom du har ete markjordbær veit du kor søte og gode dei kan vere.
|