Gravskikk.
Gravgåver.
Me trur at folk trudde på eit liv etter døden i forhistoria. Dei fekk
difor med seg gåver i grava. Dette var gjerne ting som dei trengde i det
neste livet. Dei fikk mellom anna med seg ting i grava som den døde hadde
vore knytt til i levande live.
Ein mann kunne få med seg våpen, sverd, spjut, øks og skjold. I tillegg
fekk han kan hende ein ei smykkenål eller ein armring, men og anna utstyr
slik som smedutstyr eller jordbruksutstyr.
  
I kvinnegravene finst ofte fine smykke. Det kan ha vore ulike smykke
som ei korsforma spenne i eldre jernalder, eller ovale spenner i yngre
jernalder. Men dei fekk ofte og med seg sakser og nøklar. Dette ser ut
til å ha vore viktige saker for ei kvinne å ha!
I vikingtida vart gravene enno finare utstyrt! Då fekk dei med seg skip,
hestar, senger og elles det meste som trengst for å leve eit godt liv.
Men dette var det berre dei aller rikaste som fekk!
|