Gravskikk i jernalder.
Gravrøyser og gravhaugar.
Korleis låg dei døde i røysa eller haugen?
Gravgåver.
Oppgåver

Gravskikk.

Korleis låg dei døde i røysa eller haugen?

Inne i haugen eller i røysa finst restane etter den døde. Somme tider er liket brend, medan andre gonger er det det ikkje. I jernalderen var det like vanleg å brenne liket som å ikkje brenne det. Slik er det i dag og.

Dersom liket ikkje var brend, vart det ofte lagt i ei kiste av stein eller tre inne i haugen. Ofte ligg det fleire lik i same haugen. Nokre ligg midt i haugen, medan andre ligg i utkantane.

Dersom den daude vart brent, vart restane kanskje lagt i ein kjele eller ei urne. Denne vart så lagt ned i eit lite firkanta kammer av stein. Det finst og mange døme på at ei lita grop i bakken under gravrøysa vart den siste kvilestaden for folk.