Menneske og samfunn
Båten
I bronsealder vart båtane større. Det kan me sjå på helleristningane
frå denne tida. Framleis var det vanlegast å ro. Ein båt som er funne
i Damnark frå denne tida kallast Hjortspringbåten. Den er sydd saman av
skinn. Ser du at denne båten liknar på båten på helleristninga?

Båten har alltid vore viktig her på Vestlandet. Langsmed kysten vår er
det mange øyer og nes som det er vanskeleg eller umogleg å kome til om
du skal gå. Med ein båt sparer du mykje tid og kan nå fram til plasser
som elles ikkje er tilgjengeleg for deg.
|