Menneske og samfunn
Klede
Frå bronsealder er det funne graver der den døde hadde klede på seg.
Slik veit arkeologane litt om korleis dei gjekk kledde på den tida.
Mennene hadde gjerne korte eller lange lendeklede, ei skjorte, kanskje
også ei kappe som vart festa med ei bronsespenne over skuldra, hatt eller
lue.

Kvinnene hadde langt eller kort skjørt, bluse, kanskje også fint oppsett
hår gjerne i hårnett, belte med hengekar bak og belteplate framme. Nokre
kan også ha hatt ein slags kjole som var laga av eit firkanta tøystykke,
festa med nåler på skuldrene, og med belte om livet.
Dei gjekk gjerne barbeinte eller med lette sko sydd av skinn, kanskje
med gras nedi for å halde seg tørr og varm.
|