| BusetnadPå leit etter busetnadenMen arkeologane tenkte at ikkje alle husa kan ha ligge på nøyaktig same 
        staden som husa i dag ligg. Nokre må ha lege litt utanfor, berre litt! 
        Kanskje er det og slik at restar etter dei gamle husa finst ute på åkrane! 
 For å finne husa frå forhistorisk tid, grev dei bort all jorda på åkeren 
        med gravemaskin. Dei grev berre så langt ned at grusen under åkeren kjem 
        til syne. Aldri lengre ned. Og det er viktig. For når dei då kikkar utover 
        flata, kan det hende dei finn lange rader med små, runde, svarte flekker. 
        Det er hola etter stolpane som haldt tak og veggar oppe i dei gamle husa. 
       Slik finn dei òg vegger til hus, eldstader og merke etter plogen frå 
        bronsealder og jernalder.    |