Hus
Litt om gardstun
Vanskar med å finne att busetnaden
På leit etter busetnaden
Gard og rikdom
Oppgåver

Busetnad

Hus

Frå bronsealderen finn arkeologane ulike typar hus. Dei finn mellom anna langhus på denne tida. Det er funne hus som var over 20 meter lange. Men husa var ikkje så breie, kring 5 til 6 meter var vanleg.

Nokre plasser finn dei nesten heilt firkanta hus. Andre er forma som ein U eller ein hestesko når du ser dei frå lufta. Arkeologane finn òg spor etter bronsealdersfolka i holer og hellerar.

Desse bustadane er funne i område som ikkje har hatt så god jord. Kanskje dreiv dei som budde på desse plassane meir med fangst og fiske. Dei kunne nok dyrka noko, men avlinga vart ikkje særleg rik.