Funna på Botnane
- om kor gamle steinfunna er
Steingjenstandane er frå det arkeologane kallar "steinbrukande
tid". Steinreiskapar vart nytta frå den eldste steinalderen
10000 år tilbake i tid og framover både i bronsealder og i
første delen av jernalder kring Kristi fødsel. Steinreiskapane
har endra seg over denne lange tida, og spesielle typar var vanlege i
dei einskilde periodane. Slik går det an å seie kva del av
"steinbrukande tid" reiskapane er frå.
Funna frå Øvre Botnen er vanskelege å tidfeste fordi
det ikkje vart funne slike spesielle typar som er typiske for berre ein
periode. Funn slik som desse vart tvert i mot nytta i heile den lange
tida.
Men skiferspissen er arkeologane sikre på stammer frå yngre
steialder.
|