Funna på Botnane
To graver frå bronsealder på Nordre Botnen
Dei to røysene på Nordre Botnen ligg med utsyn ut mot havet,
til det som vert kalla Frøysjøen. Dei var begge bygde i
bronsealderen. Dei to røysene vert kalla Nørdre røysa
og Framre røysa.
Det er Framre røysa som er størst. Det er den som har nummer
ein på kartet. Denne røysa er 38 meter i tverrmål og
5 meter høg. Ho er bygd opp av halvmeterstore steinar. I midten
kan du sjå eit hol eller krater. Det viser at grava har vore røva.
Då røvarane ggrov seg ned laga dei eit 15 meter langt og
3 meter breit krater. Steinane kasta dei utover mot nordaust.
Nørdrerøysa lig som nummer to på kartet. Ho er 19
meter i tverrmål og er omlag 3 meter høg. Røvarane
har vore i denne røysa også. Krateret her er kring 8 meter
i tverrmål. I den eine kanten av krateret fann dei ei steinkiste.
Kiste er passe for eit menneske å ligge i. Det skal ha vore funne
bein her nede, men det er gått tapt.
Det er ikkje funne gjenstandar i desse gravene. Kanskje fekk røvarane
med seg alt som var?
|