Funna på BotnaneSteinalderen på Øvre Botnen På Øvre Botnen var det ein gong funne ein pilspiss laga av skifer. Spissen vart funnen i ein åker, men vart så mista seinare. Slike spissar var laga og brukte i yngre steinalder. I 1975 var Svein Indrelid på Øvre Botnen. Han ville finne ut om det var fleire spor å finne etter steinalderfolket. Han tok prøvestikk på eit flatt myrlendt område som var tilvakse med furu, einer og lyng. Her fann han spora han leita etter! Buplassen låg 50 til 100 meter frå sjøen og var på kring 500 kvadratmeter. Det vart funne 36 gjenstandar frå steinalderen. Dei kan du lese om her.
|