Smeden og bonden på Brekke
Ei rik bondegrav på Floten
I september 1952 skulle ein legge om låvevegen på Brekke. Vegen
gjekk over ein flat grusavleiring som er kalla "Floten". Området
ligg omlag 7 meter over havet. Det er litt høgare enn jordene elles på
garden.
Grava låg under låvevegen i grusen. Ho var ikkje markert
over jorda med ein haug eller liknande. Botnen av grava var berre 1 meter
under bakken. Gravkammeret var dekt av eit par små heller, og var
kring 2 meter lang og 60 cm brei. Grava var fylt med mørk jord. Tinga
som låg i grava låg fordelt over heile gropa, sverdet i søre ende
og med spissen mot sør, perlen visstnok i nordre ende.
|