Smeden og bonden på Brekke
To rike menn frå vikingtida
Det er funne to graver frå vikingtida på garden Brekke i
Flåm i Aurland. Den eine grava låg på ein plass kalla
Kvålen medan den andre låg på ein grusbakke kalla Floten.
Gravene tilhøyrde to viktiger menn i bygda. Den eine var både
smed, bonde og jegar og den andre var bonde. Dei var nok begge frie menn
som eigde jorda si sjølve og hadde tenestefolk på garden
sin.
|