To rike menn frå vikingtida
Smeden sin grav på Kvålen
- då museet ikkje kom fram til funna
- breva mellom Olav og Erik

- brevet frå Erik I
- brevet frå Olav I
- brevet frå Erik II
- brevet frå Olav II

Ei rik bondegrav på Floten
- funna i grava
Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

aurland

Smeden og bonden på Brekke

- då museet ikke kom fram til funna

Museet vart varsla av bonden sjølv, Olav A. Brekke om funnet på Kvålen. Han var svært interessert i funnet sitt, og ville gjerne at fagfolk skulle kome å sjå på det. Men på denne tida var det ikkje råd å kome seg til Hardanger. Det betydde at arkeologen som brukte å reise og se på denne typen funn, Per Fett ikkje kunne nå fram til funnet.

No var det krise! Denne gongen måtte museet gjere ein vri; dei bad Olav grave ut funnet sjølv! Men dei var nøye med å gje han rettleiing både før og medan han grov. Det var arkeologen Erik Hinsch som rettleia han. Det aller viktigaste Olav skulle gjere var å skrive ned det han hadde gjort og det han hadde sett. Og Olav var god å skrive! Her kan du sjå breva som vart send mellom Olav og Erik.