Litt om gravlegging
Ravknappar på Bremangerlandet
Gravene i Ruskeneshelleren
Holmefjordmannen
Oppgåver

Gravskikk

<!-- function MM_swapImgRestore() { //v3.0 var i,x,a=document.MM_sr; for(i=0;a&&i<a.length&&(x=a[i])&&x.oSrc;i++) x.src=x.oSrc; } function MM_preloadImages() { //v3.0 var d=document; if(d.images){ if(!d.MM_p) d.MM_p=new Array(); var i,j=d.MM_p.length,a=MM_preloadImages.arguments; for(i=0; i<a.length; i++) if (a[i].indexOf("#")!=0){ d.MM_p[j]=new Image; d.MM_p[j++].src=a[i];}} } function MM_swapImage() { //v3.0 var i,j=0,x,a=MM_swapImage.arguments; document.MM_sr=new Array; for(i=0;i<(a.length-2);i+=3) if ((x=MM_findObj(a[i]))!=null){document.MM_sr[j++]=x; if(!x.oSrc) x.oSrc=x.src; x.src=a[i+2];} } //--> Gravene i Ruskeneshelleren

På Ruskeneset ved Straume bru i Bergen ligg ein heller. Utanfor dei fleste hellerar ligg det store mengder søppel etter måltid. I dag er søppelet rotna og ser ut som vanleg jord. Folk har budd innanfor dette, tett innved bergveggen.

Under alt søppelet på Ruskeneset vart det funne restar av eit menneske som levde over 2000 år før Kristus. Arkeologane fann fleire skjelett inne ved bergveggen der folk hadde budd. Det var delar av tre vaksne og eitt barn. Det vart også funne ein flintdolk som var ei gravgåve.

For oss kan det virke underleg at folk i yngre steinalder grov ned dei døde i ein avfallsdunge og på buplassen der dei budde, men det var kanskje viktig at dei døde framleis var med i dagleglivet. Kanskje folka på den tida meinte at dei døde ikkje eigentleg var døde, men var levande på ein ny måte?