Auke i folketalet
Kva tyder "viking"?
Vikingskipa
Drap og plyndring
Marknadsplassar
Klede
Kongen
Norske vikingkongar og jarlar
Oppgåver

Menneske og samfunn - kva hende?

<!-- function MM_swapImgRestore() { //v3.0 var i,x,a=document.MM_sr; for(i=0;a&&i<a.length&&(x=a[i])&&x.oSrc;i++) x.src=x.oSrc; } function MM_preloadImages() { //v3.0 var d=document; if(d.images){ if(!d.MM_p) d.MM_p=new Array(); var i,j=d.MM_p.length,a=MM_preloadImages.arguments; for(i=0; i<a.length; i++) if (a[i].indexOf("#")!=0){ d.MM_p[j]=new Image; d.MM_p[j++].src=a[i];}} } function MM_swapImage() { //v3.0 var i,j=0,x,a=MM_swapImage.arguments; document.MM_sr=new Array; for(i=0;i<(a.length-2);i+=3) if ((x=MM_findObj(a[i]))!=null){document.MM_sr[j++]=x; if(!x.oSrc) x.oSrc=x.src; x.src=a[i+2];} } //--> Marknadsplassar

På denne tida fanst det handelsplassar langs norskekysten. Ein av dei viktigaste låg på ein stad i Tjølling i Vestfold som vart kalla Skiringssal. Sjølve handelsplassen trur arkeologane vart kalla Kaupang.

Kanskje var det slik at det var den danske kongen sjølv som rådde over dette landet og over den verksemda som gjekk føre seg i Tjølling. Det låg både ein tingstad, ein kultplass og ein handelsplass her.

Kanskje låg det handelsplassar andre stader langs kysten vår òg. Me veit at Lade i Trondheim vart viktig seint i vikingtida. Men også Bjarkøy i Troms, Torg i Nordland, og Lahelle i Vestfold er plassar der det kanskje kan å ha vore handelsplassar.

Andre stader i Skandinavia fanst det større og rikare handelsplassar. Dei låg i dei største byane på den tida som var Birka i Sverige, Hedeby i Tyskland og Ribe i Danmark.