Busetnad
<!--
function MM_swapImgRestore() { //v3.0
var i,x,a=document.MM_sr; for(i=0;a&&i<a.length&&(x=a[i])&&x.oSrc;i++) x.src=x.oSrc;
}
function MM_preloadImages() { //v3.0
var d=document; if(d.images){ if(!d.MM_p) d.MM_p=new Array();
var i,j=d.MM_p.length,a=MM_preloadImages.arguments; for(i=0; i<a.length; i++)
if (a[i].indexOf("#")!=0){ d.MM_p[j]=new Image; d.MM_p[j++].src=a[i];}}
}
function MM_swapImage() { //v3.0
var i,j=0,x,a=MM_swapImage.arguments; document.MM_sr=new Array; for(i=0;i<(a.length-2);i+=3)
if ((x=MM_findObj(a[i]))!=null){document.MM_sr[j++]=x; if(!x.oSrc) x.oSrc=x.src; x.src=a[i+2];}
}
//-->
Fjæremannstufter
Ytst i havgapet i Øygarden kommune i Hordaland, ligg ei lita øy kalla
Hjartøy. Her er det funnet ruinar etter det som vert kalla fjæremannstufter.
Kring år 600 etter Kristus vart dei første husa reiste her ute, men det
var i vikingtida at husa vart mest brukte. På det meste var det over 70
hus i bruk samstundes. Det er funne fiskekrokar, knivar, fiskesøkke og
liknande i husa. Dette var ting dei hadde bruk for når dei fiska.
Slike fiskevær trur arkeologane var eigde av rike og mektige slekter.
Kanskje var det stormannsætta på storgarden Herdla som eigde og dreiv
fiskeværet på Hjartøy.
|