TIL LÆRAREN |
OppbyggingNettstaden er delt opp i ulike bolkar. Det finst tre bolkar med innhald som gjeldt fagkunnskap. Det er den reine forhistoriske delen kalla Gamle Naboar, delen med kunnskap om arkeologifaget kalla Kva er arkeologi og søkedelen kalla Søk i databasar. Elevane kan arbeide med delane kvar for seg eller litt om ein annan. I den forhistoriske delen Gamle Naboar finn dei tekstar om ulike tema frå dei forhistoriske periodane me finn representert på Vestlandet. For å gå inn i kunnskapsdelen klikkar eleven seg inn i tidsuret på den perioden han/ho er interessert i. På den sida dei då kjem inn i, får dei generell kunnskap om perioden dei har valt. Frå den sida, kan dei gå vidare og utforske ulike tema i perioden. Me har valt desse tema : Busetnad Det er ikkje alle emna me veit like mykje om i dei ulike periodane. Til dømes er det ikkje mykje me veit om tru i eldre steinalder medan me veit svært mykje om tru i yngre jernalder. Slik sett er det ikkje alltid samsvar i mengda oppslag eller mengda tekst innafor dei ulike periodane, men me trur likevel at det er dekkjande for den kunnskapen me har. I delen om faget arkeologi, Kva er arkeologi, får eleven ei lita innføring i dei praktiske sidene omkring arkeologifaget. Dei søker seg fram ved å klikke på ikon eller tekstdelar. I søkedelen Søk i databasar kan eleven finne fram til konkrete funn eller funnstader på sin heimstad eller andre stader på Vestlandet. På innleiingssida til Gamle Naboar finst det lenker til tre store databasar. To av dei er knytte til Bergen Museum. Den eine er "Førhistoriske Minne på Vestlandet" som i si tid vart publisert heftevis av konservator Per Fett. Den andre er Bergen Museum sin gjenstandskatalog, Tilvekstkatalogen. Den tredje basen er Fornminnebasen. Den er laga og vert vedlikehalde av Norsk Institutt for Kulturminneforskning, NIKU. Det er laga eit eige grensesnitt for Gamle Naboar for å gjere det enklare for eleven å halde oversikten. Dersom det er ønskjeleg, kan ein også gå direkte inn i dei opphavlege basane på følgjande adresser: Fornminnebasen: Tilvekstkatalogen Førhistoriske Minne på Vestlandet I tillegg ligg lenker til alle basane samla på denne nettstaden:
|