Råstoff, reiskap, våpen og smykke
<!--
function MM_swapImgRestore() { //v3.0
var i,x,a=document.MM_sr; for(i=0;a&&i<a.length&&(x=a[i])&&x.oSrc;i++) x.src=x.oSrc;
}
function MM_preloadImages() { //v3.0
var d=document; if(d.images){ if(!d.MM_p) d.MM_p=new Array();
var i,j=d.MM_p.length,a=MM_preloadImages.arguments; for(i=0; i<a.length; i++)
if (a[i].indexOf("#")!=0){ d.MM_p[j]=new Image; d.MM_p[j++].src=a[i];}}
}
function MM_swapImage() { //v3.0
var i,j=0,x,a=MM_swapImage.arguments; document.MM_sr=new Array; for(i=0;i<(a.length-2);i+=3)
if ((x=MM_findObj(a[i]))!=null){document.MM_sr[j++]=x; if(!x.oSrc) x.oSrc=x.src; x.src=a[i+2];}
}
//-->
Legenda om St.Sunniva på Selje
Legenda
fortel om den heilage Sunniva som levde i Irland kring 960 etter Kristus.
Ho var kongsdotter. Då far hennar døydde, arva ho riket hans. Det gjekk
gjetord om Sunniva si sterke tru og venleik.
Ein vill vikinghøvding prøvde på denne tida å herta riket hennar. Ord
om Sunniva nådde fram til han og han ville ta henne til kone. Men Sunniva
stod imot både lokking og trugsmål. Ho ville heller rømme frå landet enn
å bli kone til ein viking. Hun rømde ut på havet med nokre trufaste vener.
Dei tre skipa hennar vart førte mot nord av straum og vind. Dei nådde
til sist kysten av Noreg. Men det rauk opp med storm, og båtane kom frå
kvarandre. Ein båt dreiv i land ved Kinn i Sogn. Da uveret endeleg la
seg, kom Sunniva med restane av følgjet til den aude øya Selje. Der tok
dei inn i ei hole i fjellet.
Øya vart nytta som beite for bøndene inne på fastlandet. Det hende at
nokre av dyra kom vekk ute på øya. Bøndene mistenkte dei heilage for å
stele dyr. På den tida var det Håkon jarl som rådde i Noreg. Dei klaga
til Håkon jarl om dette. Han fòr då med hærfolk for å drepe Sunniva og
følgjet hennar.
Sunniva såg hærfølgjet kome ute på havet. Dei gjekk inn i hola og bad
til Gud og sa at dei heller ville døy enn å falle i hendene på jarlen.
Berget rasa då saman over dei og stengde att hola. Da jarlen og mennene
hans gjekk i land, fann dei ingen, og dei drog forundra sin veg.
Då Håkon jarl døydde, vart Olav Tryggvasson konge i Noreg. Det hendte
no underlege ting på Selja. Nokre kjøpmenn segla ein gong forbi Selje.
Då såg dei eit underleg lys over øya. Dei vart nysgjerrige og gjekk i
land. Der oppdaget dei at lyset kom frå eit menneskehovud som rørte på
seg. Det hadde ein herleg duft. Dei tok hovudet med til kongen som tok
vare på det som ein heilagdom.
Seinare drog kong Olav og biskopen i Nidaros til Selje for å granske
staden. Då såg dei den samanrasa hola. Der fann dei nokre menneskebein,
men kroppen til den heilage Sunniva var heil og uskadd. Dette skal ha
skjedd i året 996. Kring år 1100 vart det bygd eit kloster (link til Kloster)
her til ære for St. Sunniva.
Alterskåpet
med Sunniva-figuren stod i Sandtorv-kyrkja på Austevoll.
|