Tru
Underskrift
Det er ikkje så mykje me veit om kva dei trudde på i bronsealderen. Men
ein del funn er gjort som kan gje oss nokre idear.

I Danmark er det funne ein bronsefigur som er ei vogn trekt av ein hest,
og bak på vogna står ein stor forgylt, rund plate. Dette trur arkeologane
var eit symbol for sola.
Fleire solsymbol er funne på helleristningar, som her på steinen frå
Kyrkjeeide. Me trur at sola vart dyrka som ein guddom i bronsealderen.
Me finn også andre symbol slik som båtar, økser, fotspor, avtrykk av
hender, spiralar og sirklar og mange andre ting. Kanskje var dette bilete
som vart brukte når dei tilba eller kalla på guddommane.
|