Gravskikk
Dei store gravminna
I bronsealderen starta dei for fyrste gong å byggje store og rike graver
her i landet. Arkeologane finn svært store gravrøyser og haugar frå denne
tida. Truleg var det dei aller rikaste i samfunnet som fekk dei største
gravene og dei finaste gjenstandane med seg.
Tenk deg ei menneskelaga røys eller haug som er 6 meter høg og 30 meter
i diameter. Det er mykje arbeid å lage ein så svær haug. Desse gravhaugane
var ofte synlege over store avstandar.

|