Kva levde dei av?
Hesten
Hesten vart tamd i Ukraina kring 3000 år før Kristus. Truleg kom tamhesten
til våre område i løpet av bronsealderen.
På Austlandet er det funne bein av hest som stammar frå bronsealderen.
Det var folk frå Danmark som hadde hesten med seg hit til oss.

Hesten som fanst her i bronsealderen likna på ein fjording. Det er ein
liten hest med kraftig hovud som er uthaldande og sterk.
|