Gravfeltet på Kongsafjellet
Røysene ligg på knausar
Dei som bygde gravminna på Kongsafjellet har forsøkt å
spare seg sjølve for noko arbeid; dei har bygd røysene på
toppen av lave fjellknausar. Slik har dei fått store flotte gravrøyser
utan altfor mykje arbeid.
Røysene var godt synlege frå båtar som segla forbi
og for folk som var på vandring. Kvifor var det så viktig
at røysene var lette å sjå? Dette er ikkje arkeologane
sikre på. Det kan ha vore for å vise at nokon eigte eller
brukte området. Dei som var på leit etter en plass å
slå seg ned, måtte då berre segla vidare.

Slik tenker teiknarane Kjersti Hjelmeland og Rune Roaldkvam seg at bygginga
kan ha gått føre seg.
|