Gravfeltet på KongsafjelletKva finn du på Kongsafjellet? På Kongsafjellet 185 meter over havet ligg det fire store gravrøyser. Dei ligg meste som perler på ei snor langs stien over fjellet. Her oppe ifrå har du godt utsyn i alle retningar. Den største røysa er 20 meter i tverrmål og ho er kring 3 meter høg. Det har vore lagt ned mykje arbeid då denne røysa vart bygd! Dei tre andre er mindre, men det har nok vore eindel arbeid med dei også! Veit du kva dei gjorde for å spare seg litt arbeid? Gravrøyser slik som desse ser ut som ei stor haug med stein. Steinen er ofte kring 30 centimenter i tverrmål, men ein finn også ofte større blokker på kring ein meter i ei røys. Det ligg ikkje jord eller veks gras på gravrøysar slik det gjer på gravhaugar.
|