|
Dette marmorkapitélet funne i Bergen synleggjer korleis europeisk arkitektur og steinbyggjekunst påverka Noreg i mellomalderen. I landet vårt var trebyggjekunsten då rådande. Men hus hadde lenge kunna ha vernande steinvegger i tørrmur.
Søylekapitélet har korintisk form med akantusblad. Det kan stamma frå Munkeliv kloster, i eit Bergen som tidleg på 1100-talet fekk ein klassisistisk stilpåverknad frå sør. Det må ha gjort inntrykk her nord når massive steinbygningar, mura i kalkmørtel, gradvis vaks fram som eit nytt og framandarta bygningsuttrykk. I Noreg var det i mellomalderen særleg kyrkjer, kloster og andre monumentalanlegg i by og bygd som vart oppførte i stein.
På grunn av museumsstenginga er marmorkapitélet no ikkje å sjå. Det same gjeld mange andre fragment av bygningar og konstruksjonar i tre eller stein. Bygningsrestar som kunne fortelja om hus og levd liv i Bergens og Vestlandets mellomalder.
|
|
|
This marble capital, discovered in Bergen, reveals how European architecture and stonemasonry influenced Norway during the Middle Ages. At the time, timber construction was dominant, though dry-stone walls had long provided structural protection.
The capital, in Corinthian style with acanthus leaves, may have originated from Munkeliv Abbey. In the early 1100s, Bergen experienced classical influences from the south. The rise of massive stone buildings, constructed with lime mortar, must have made a striking impression in the north. In medieval Norway, stone was primarily used for churches, monasteries, and other monumental structures in both urban and rural areas.
Due to the museum’s closure, the marble capital is currently not on display—nor are many other fragments of wooden or stone buildings that once told stories of homes and everyday life in medieval Bergen and Western Norway.
|
|