Jernalder vert delt i ein eldre og ein yngre del. Eldre jernalder vert
delt inn i førromersk tid, romartid og folkevandringstid.
Eldre jernalder startar 500 før Kristus og går fram til 500
etter Kristus. I jernalder lærte dei seg teknikken med å smi
jern. Det vart ei stor og viktig hending. I denne perioden vert folka
i landet vår meir og meir knytt til hendingar lenger sør
i Europa. Romerske klede og skikkar, utstyr, våpen og smykke kom
til å få stor innverknad på folka lenger nord også.
Yngre jernalder delast inn i merovingertid og vikingtid. Yngre jernalder
startar kring 500 etter Kristus og går fram til om lag 1030. Merovingertida
er perioden mellom 550 og 800 etter Kristus. Nye typar gjenstandar og
nye mønstre på gjenstandane dukkar opp i Noreg på den
tida.
|