HEIM
Graving og forsking
Kulturminnelova og freding
Tidstavle
Arkeologen i arbeid
- registrering og forundersøking
- utgraving
- teikning og fotografering
- konservering
- magasin
- arkiv
Arkeologiske forskingsmetodar
Etterarbeid
Dateringsmetodar
- stratigrafi
- typologi
- 14C - metoden
- strandlinedatering
Paleobotanikk
- pollenanalyse

- makrofossilar
- treartsbestemming
Beinmateriale
Forskingsformidling

Om prosjektet

 

Graving og forsking

Ein viktig del av arkeologen sitt arbeid går ut på å grave fram nye spor etter det fortidige mennesket og det fortidige samfunnet. Vi kan seie at arkeologen grev fram små kunnskapsbitar av fortida. Ein slik bit kan vere ei ny helleristningsfigur, ein pilspiss, eit gravfunn, eit hus, ein ildstad og slike ting. Alle desse "bitane" er funn som gir oss kunnskap om forhistoria.

Men det einskilde funnet gir først meining når det blir sett inn i større samanhengar. Det er gjennom forskning at sammenhengar vert avdekka. Dei arkeologiske musea sine samlingar er fulle av "kunnskapsbitar" som kan takast opp att på nytt for å revurdere dei etterkvart som ny kunnskap vert avdekka. Slik er det at arkeologen sitt arbeid ikkje berre består av avdekking av nytt materiale, men like mykje av studiar av materiale som finnast i magasina og utstillingar allereide.

Sett på denne måten er det lett å forstå kor stor betydning kvart einskild funn har og også kor stor betydning forskning har for å forstå fortid vår. Vi skal her gå litt vidare inn og avdekkje nokre sider ved dette.


Frå utgravinga av Skipshelleren på Dale i Vaksdal kommune.