”RADIO FULANI”

Velkomen til ein afrikansk happenning med radiofantomet Adama Barry frå Burkina Faso. Musikk og gode historiar blir leika fram med fargerikt humør inne i utstillingane på Bergen Museum.

Onsdag 20. oktober kl. 1200:
For 2. ­ 6. klassingar blant afrikanske dyr i Dei naturhistoriske samlingane
Se bilder fra happeningen her:

Onsdag 27.oktober kl. 1200:
For 7. ­ 10. klassingar blant afrikanske skulpturar i utstillinga ”Letters to women” i Dei kulturhistoriske samlingane

Adama Barry  er fløytespelar og forteljar frå Burkina Faso. Han har sitt eige radioprogram i heimlandet, kvar veke. Hovudbolken i programmet er forteljingar - eventyr og andre, meir og mindre sanne, historiar. Musikk og forteljing høyrer saman i Burkina. Alle programma inneheld derfor alltid tradisjonell og nykomponert musikk, spela av Adama aleine eller saman med gjester han har med seg. Programmet er på fulani, eit av dei mest utbreidde språka i Vest- Afrika, og når derfor langt utover landegrensene til Burkina Faso. Adama Barry ser sitt publikum an før han der og då bestemmer seg kva han vil fortleja. Han brukar fransk og blir simultanomsett til norsk av forfattaren Anneke Bjørgum. Seansen er først og fremst ein happening med humørfylte og fargerike innslag frå Vest-Afrika, men med ein undertone som peikar mot alvor. Ikkje elendigheit, afrikansk elende er det nok av i media, Adama er opptatt av moral og verdiar. Nokre av fortellingane hans går inn i ein Vest-Afrikansk tradisjon med dilemmaforteljingar. I slike forteljingar blir tilhøyrarane utfordra til sjølve å koma fram til løysingar på dilemmaet i forteljinga. Mange av historiane inneheld moralske meldingar, slik mange norske folkeeventyr gjer. Adama vil få publikum til å reflektera over verdiane hans historiar formidlar og samanlikna dei med eigne verdiar. Konklusjonen dei vil koma fram til kan vera at vi er ulike på mange vis, men når det gjeld det å vera menneske, det å leva saman i familiar, og i små og store samfunn, krev at vi innrettar oss etter ein del levereglar som ikkje er så ulike. Vi deler nok mange reglar og normer, som er felles for alle menneska. Anneke Bjørgum vil lesa eit par norske eventyr som illustrerer akkurat dette. Vi håpar óg at ein og annan elev med bakgrunn frå t.d. Asia eller Afrika, kan bli inspirert til å fortelja ein historie han eller ho har blitt fortalt heime.

Til desse seansane vil vi invitera publikum i bestemte alderstrinn, dvs. At historiane som blir fortalt til dei yngste vil vera andre enn dei som ungdommane får høyre.

Evenementet vil bli annonsert på Den kulturelle skolesekken for Bergen.

Interesserte kan henvende seg til:
Frode Storås, tlf .55583119
Epost: frode.storas@bm.uib.no

For påmelding:
anne-karin.ulvatn@bm.uib.no

Adresse: Postboks 7800, 5020 Bergen -Tlf.: +47 55 58 93 60, Fax: +47 55 58 93 64
©2004 Universitetet i Bergen, Bergen Museum