Yngre steinalder starta omlag 3200 år før Kristus og varte fram til omkring 1800 før Kristus. I denne perioden starta dei med husdyrhald og med å dyrka jorda. Dei lærte seg å lage keramikk. Dei måtte passe på dyra og åkeren sin, og difor byrja dei verte meir bufaste på ein stad. Men det var ikkje noko brå overgong frå eldre til yngre steinalder. Folk budde på dei same stadene som før, det vil seie ved kysten på stader kor det var godt med fisk. På fjellet kunne dei framleis jakta på reinsdyr.

 

 

BusetnadKva levde dei av?Menneske og samfunnRåstoff, reiskap, våpen og smykkeGravskikkTru