Vikingtida er den mest kjente av periodane i yngre jernalder. Den startar med det store røveriet av Lindisfarne kloster i England i året 793 etter Kristus. Det var truleg norske vikingar som gjekk til åtak på klosteret. Perioden sluttar med slaget på Stiklestad i år 1030. Vikingane la ut på ferder omkring i verda. Der røva dei til seg mykje rikdom som dei tok med heim. Nokre vart verande i utlandet. Der grunnla dei nye byar og kongedøme. Men som rimeleg er, var det ikkje alle folka i landet vårt eller i nabolanda våre Sverige og Danmark som drog i viking. Dei aller fleste vart att heime. Dei dyrka jorda, fiska i havet, jakta i fjellet. Nokre vart også soldatar i kongen sin hær.

 

 

BusetnadKva levde dei av?Menneske og samfunnRåstoff, reiskap, våpen og smykkeGravskikkTru